fredag 14. september 2012

Refleksjon


Vi liknar kvarandre
naturen og eg
vi er brødre, to alen
av same stykke

Når véret er mørkt
og vinden bles
eller stormen får herje på vatnet
då brest heile bildet
alt vert grumset og svart

Slik også med meg
i dei travle og opprørte dagar
når alt går i mot
Alt er støy og kav
Då glepp heile bildet ifrå meg

Men gje oss ein solskinnsdag
med vindpause, lummer
og tvers gjennom stille dag
Då kviler vatnet, og sjela
Reflekterer det innerste inne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar