søndag 9. september 2012

Morgongry


Etter den mørke, kalde natta
Ei natt av einsemd,
tåke og tårer
Ser eg lyset komme stigande opp
i aust
Den nye dagen er her

Etterkvart vil verda bli bada i lys
eg veit kva som vil komme
Sikt, varme, gode tonar
frå glade stemmer 
og springande føter

 Akkurat no
midt mellom natta og dagen
ser eg begge deler:
sorga, saknet
og gleda, lyset

Eg ynskjer å hugse
Halde fast på dei begge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar