torsdag 13. september 2012

Edderkoppspinn


Av og til kan eg kjenne
edderkoppspinnet
snirkle seg rundt beina
rundt armar og hovud

Spinnet dekkjer heile meg
vever meg inn i ein kokong
alle lydar vert dempa
verda er ein fjern stad

Det er berre eg
og edderkoppspinnet
som tel, alt anna
vert viska vekk, gløymt

Andre gonger 
kjenner eg trådane inni meg
Dei vert spunne frå celle til celle
bind meg fast til blod og vev

Edderkoppspinnet vert meg
og eg vert sjølve veven
klarar ikkje rive meg laus
sjølv

Sit der, omspunnen
innevevd og aleine
Til nokon gir meg ei hand
eller eit smil

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar