tirsdag 21. august 2012

Tårene mine

Sakte sakte
Dryp doggdråpar ned
Frå bøygde grasstrå
Dei dett ned på jorda
som ikkje lenger er
berre jord
No er det jord som
Dekker mine håp og draumar
Jord som dekker deg

Sakte sakte
Dryp tårene mine
Ned i den same jorda
Gråt saman med meg
og graset
som syrgjer over tapet
av nakne barneføter
ein varm sommardag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar