fredag 17. august 2012

Prikken

Vi såg deg – langt langt borte
som ein prikk
på det store store havet
Vi smilte og vinka
men såg ikkje om du vinka tilbake

Kanskje gjorde du det
Kanskje lurte du litt på kven vi er

Vi hadde så mange spørsmål
og var så spente på å sjå deg.
Det var så mange dagar vi ville dele
Så mange songar vi ville synge
til deg.

Men du reiste att – og vi vart aldri kjente
Den vesle prikken på havet vart mindre og mindre
Til den forsvann i synsranda

Vi stod tomme tilbake
med alle spørsmåla våre
Og veit at vi aldri, aldri, kan gløyme deg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar