onsdag 22. august 2012

Frost i hjarta


Vinter i hjarta
Frost og kalde vindar
Det var ikkje slik eg ville det
men det var slik det vart
No heng istappane
kalde
frå det som var gleda mi
Håpet mitt
Alle mine lengsler

Men der det er frost
kan det bli vår og smelting
Varme og vakre blomar

Det er det eg håpar på
Mitt tynne håp
Medan isen knugar
Og frosten knuser
seg veg gjennom
draumane mine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar